Myking skule

Myking skule er ein firdelt barneskule i Lindås kommune. Skulen dekkjer krinsane Natås og Myking og ligg på austsida av Lindåshalvøya - om lag midt i kommunen – ca 10 km frå Lindås senter og 20 km frå kommunesenteret Knarvik.

Myking skule er ein firdelt barneskule i Lindås kommune. Skulen dekkjer krinsane Natås og Myking og ligg på austsida av Lindåshalvøya - om lag midt i kommunen – ca 10 km frå Lindås senter og 20 km frå kommunesenteret Knarvik.

Heimesida finn du her.

Kontaktinformasjon:
Myking skule, tlf 56 37 50 42/56 36 42 01, fax 56 37 50 43,

e-post til skulen
Rektor: Nils Kvalvågnes, tlf 56 37 52 56 /95 88 68 88

Skulen har gode og tenlege lokale. Hovudbygget der 3. – 7. klasse held til vart teke i bruk i 1981. Dei minste har basen sin i ”gamleskulen” som og er SFO-base før og etter skuletid. Dette bygget vart pussa opp i 97 i samband med 6. årsreformen. Skulen ligg landleg til så sjølv om skuleplassen er i trongaste laget har me rikeleg med plass med nærleik til både fjell og fjord.

Større byggefelt finnest på Vabø, -der mange av borna våre bur, på Sæverås, i Ringåsen, Hodneland og på Myking. Skulekrinsen har elles spreidd busetnad med nokre hus på kvar ”gard”.

På Myking finn me kyrkja i krinsen, nærbutikk, grendahus, bedehus og område for leik og fritidsaktivitetar med ballbinge. Krinsen har og kombinert grendahus og barnehage på Natås og ballbane på Vabø. Her er fleire badeplassar, gode muligheiter for friluftsliv, jakt og fiske og eit aktivt organisasjonsliv, - og Bergen sentrum ligg berre ein times køyretur borte.

Skulen driv eit systematisk arbeid for å sikra eit trygt og godt skulemiljø som stimulerer til læring og gode opplevingar. Skulen har eigen handlingsplan mot mobbing og for krisehandtering og skulemiljøutval som samordnar skulen sine tiltak for eit godt skulemiljø. Dei siste åra har Myking-grenda vore med i eit kommunalt/fylkeskommunalt bygdeutviklingsprosjekt som har ført til ny giv og stor optimisme.

Motto/pedagogisk plattform: SAMAN OM SKULEN
- samarbeid
- trivsel
- medansvar

Dette vil vi oppnå ved å:
1. Fremja eit godt samarbeid på alle nivå

2. Skapa trivsel ved å leggja vekt på eit positivt skulemiljø gjennom ulike aktivitetar, - der alle har ei kjensle av å lukkast

3 Fremja medansvar ved at elevane får medansvar for:
- eiga læring
- kvarandre
- skulen

vedteke av Samarbeidsutvalet ved Myking skule