Bygdeskolen i velstands-Noreg -Ny viktig bok av Karl Jan Solstad

Solstad presenterer og reflekterer over resultatet frå studien: ”Skole og oppvekst i område med spreitt busetnad” som vart gjennomført som ein del av eit større forskingsprosjekt ved Høgskolen i Nesna i 2004-2008.
Bokmelding: Kristoffer Melheim
På grunnlag av kartleggingar i alt 142 kommunar og dei om lag 500 skulane i desse kommunane gir forfattaren eit innblikk i skulenedleggingsprosessane i desse kommunane.

Ein av hovudkonklusjonane i boka: Det er kommunal økonomi, eller behovet for å skjere ned omkostningane, som har vore og framleis er,  drivkrafta bak skulenedleggingane. 
Eg meiner det er viktig å leggje merke til at det er behovet for å skjere ned omkostningane som er viktigaste drivkrafta bak skulenedleggingane. Det er altså i ein lokal kamp mellom skule, eldreomsorg og tunge investeringar i kulturhus, badeland eller idrettsanlegg at dei små skulane tapar. Solstad viser også til at innsparingane oftast er mindre enn anteke, og at dersom kommunane fekk alle skyssutgiftene, ville utgiftene auka ved sentralisering.
Det er berre i få tilfelle det blir vist til kvalitet som argument for skulesamanslåing. Dette trass i at mange skular opplever at stadige/årlege trugslar om nedlegging tek mykje energi og gjer det
vanskeleg å planleggja på lang sikt.
 
Boka gir ein grundig og solid dokumentasjon av dei konklusjonane som er presenterte ovafor. For dei som ikkje vil gå inn i alle detaljane kan ein vise til artikkelen til Solstad i boka: Nærmiljøpedagogikk. Artikkelen har same tittel som boka.